Høsten 1994 reiste forfattaren rundt i Henning i Steinkjer Kommune for å leite etter historier, songar, eventyr eller forteljingar han kunne bruke som grunnlagsmateriale for hovudfagsoppgåva si i norsk. Fleire i bygda tipsa han om tradisjonsbæraren og historieforteljaren Ragnar Ryan. Ryan fortalte at han var synsk og kunne både sjå inn i fremtida og oppleve fortida. Han avslørte også at han hadde sett fleire gjenferd. Denne boka er ei historie om historiene til Ragnar Ryan. Forfattaren har intervjua han gjennom fire år, og boka er eit utval av dessa samtalene.
Forfattar: Johan Einar Bjerkem
Undertittel: Samtalar med Ragnar Ryan
Språk: Nynorsk
Sider: 136
Forlag: Aschehoug
ISBN 9788203181764