I den andre boka i serien om Drakeguten dreg Koll til byen Vilkafjord for å motta dusøren for å ha nedkjempa Olvar Reveskinn. Der vert han vikla inn i storpolitiske maktkampar, og han får snart ein leigemordar i hælane. Slik vert Koll på ny tvinga til å utforska og ta i bruk drakeelden og kreftene frå Nordavinden, krefter som fører både godt og vondt med seg.
Rydland skriv godt og poetisk. Forteljinga har eit enormt driv i seg, og miljøskildringane skaper eit stort og truverdig univers. Det at Rydland har arbeidd lenge med dette universet i rollespelsamanheng, gjer at det finst ein godt utvikla mytologi, historikk og geografi bak forteljinga.
Forfatter: Asbjørn Rydland
ISBN: 9788252178555
Språk: Nynorsk
Innbinding: Innbundet
Utgitt: 2011
Litterær form: Romaner, fantastisk litteratur
Sjanger: Ungdomsbok
Alder: 12-16 år
Forlag: Samlaget
Litterære priser: Nynorsk barnelitteraturpris 2011 for tittel