Omtale frå forlaget:
Ein action-komedie med futt og fart og flotte fargar!
Her kjem den etterlengta tredje biletboka som radarparet Sortland og Elling lagar saman om kunst - denne gongen om film. Hovudpersonane frå dei to føregåande bøkene er saman om opplevinga her: Oda og Henrik er på julebesøk hos onkel Pål, som tidlegare har jobba i Hollywood og har loftet fullt av filmutstyr og rekvisittar. Der finn dei blant anna to Chaplin-hattar som dei set på seg, og vips - så er dei inne i ein stumfilm frå 20-åra.
Vi følgjer dei to inn i ei fiktiv verd og blir presentert for personar og filmar som har skapt premissa for film-mediet: Chaplin og Bergman, Kurosawa, Eisenstein og Orson Welles, Casablanca og Ben Hur, King Kong og Tarzan osv., osv. Her går det an å lære ein masse og ha det kjempespennande samtidig; dei to opphavsmennene er velopplagde som aldri før.
Forfatter: Bjørn Sortland
Illustratør: Lars Elling
Forlag: Samlaget
Uttgitt: 1999
Innhold: Illustrert
Språk: Nynorsk
Innbind: Innbundet
ISBN: 9788252152111
Alder: 6-9 år