To bøker i ei pakke!
Omtale frå forlaget:
Dei to bøkene om Veslemonster og Storemonster er parallelle historier. I Nei! sa Veslemonster er det Veslemonster som fortel, mens i Store monster græt ikkje er det Storemonster som fører ordet. I begge forteljingane vil ikkje eg-personen leike med den andre: «Å nei! Det er Storemonster! Då opnar eg ikkje! Når Storemonster kjem blir ingenting moro lenger. Han skal alltid bestemme», tenkjer Veslemonster. «Å nei! Det er Veslemonster! Han vil eg ikkje leike med. Når Veslemonster kjem veit han alltid best», tenkjer Storemonster. Veslemonster er redd for å setje grenser, og Storemonster er redd for å ikkje strekke til.
Forfattere: Kalle Güettler, Rakel Helmsdal og Áslaug Jónsdóttir
Illustratør: Áslaug Jónsdóttir
Oversetter: Tove Bakke
Forlag: Skald forlag
Utgitt: 2011
Innbundingsform: Innbundet
Språk: Nynorsk
Alder: 3-6 år
704112